Olav Nordstoga får kulturprisen for 2023. Me feirar dette med eit ope arrangement på Vinjar. 

Etter framlegg frå Oppvekst- og velferdsutvalet i Vinje kommunestyre, blei det gjort vedtak om å gje kulturprisen for 2023 til Olav Nordstoga. 

Prisen blir delt ut på eit ope arrangement på Vinjar samfunnshus søndag 26. mai kl 16.00. Forutan utdeling av pris, blir det eit lite kulturprogram, helsingar og enkel servering. Astrid Versto er programleiar.

Dersom nokon ynskjer å seie noko, eller koma med bidrag på anna vis på festen, kan de melde frå om dette til Odd på e-post: oddn@me.com