Signe Marie Kittelsaa får kulturprisen for 2022. Me feirar dette med utdelingsfest på Vinjehuset 9. desember kl. 17.00. 

Forslagsstillarane har i samarbeid med Signe Marie Kittelsaa og Vinje kommune sett saman eit program med musikk og dans, og legg til rette for gode røur. Billettar kostar 100 kroner og er tilgjengeleg på eBillett.no.

Dette skriv forslagstillaren om prisvinnaren: 

«Kultur der du bur» må vera Signe Marie (vidare SM) sitt motto, Folkeakademiet har det same. Signe Marie har stått på i fleire tiår for å arrangere alt frå «barneteater» til «Levande bok». Heile tida nye idear som ho har gjennomført til glede for mange.

I Folkeakademiet har ho gode hjelparar - ingen kan gjera alt åleine. Før SM byrja i Vinje Kommune, var ho ivrig i arbeidet med både kurs (friundervisninga) og kulturtilbod gjennom Folkeakademiet. SM har vore oppteken av at det skal vera noko for alle - liten som stor og arbeidd for at kulturtilbodet skal vera for alle alderstrinn og etnisitetar. Heile tida vore ein pådrivar for at våre «nye landsmenn» skal kjenne seg velkomne. I tida si som kultursjef, jobba ho utretteleg for at bygda skulle få gode kulturtilbod.

På dagtid kultursjef, på kveldstid friviljug for Folkeakademiet. Små drypp frå det SM har drive med:

  • Kom med i Folkeakademiet siste halvdel av 70 talet, der ho har vore aktiv til dd.
  • På 80-talet var ho ivrig med i Vinje Ungdomslag (revy- og teatergruppa), og «Kom og dans» prosjektet mm.
  • «Levande bok» eit tilbod til innflyttarar inkl. våre «nye landsmenn», der dei kjem og fortel om livet sitt, og korleis og kvifor dei har kome til Vinje.
  • I starten vart det gjeve tilskott frå Sparebankstiftelsen, og har vidare blitt eit fast opplegg på biblioteket i Åmot

SM er no pensjonist, og er framleis like aktiv, og vel så det, og arbeider jamt og trutt for å gje gode kulturtilbod til alle i bygda.

Signe Marie er ein kjent person i Vinje Kommune, og me ser ingen grunn til å skrive meir om innsatsen ho legg ned, då det er vel kjent for dei fleste kva ho står for.