Vinje kommune kunngjer med dette at kommunedelplan for Rukkemo - Torvetjønn er vedteken i kommunestyret den 14.09.2023, sak 98/23.  

 

Bakgrunn

Planen skal legge grunnlaget for ei god destinasjonsutvikling for Rauland på kort og lang sikt. Planen skal sikre viktige kvalitetar i området og legge føreseielege rammer for vidare utvikling som både reiselivsnæringa, grunneigarar, utbyggjarar, hytteeigarar og innbyggjarar kan halde seg til. Planen skal bidra til og binde planområde betre saman med eit heilskapleg sti- og løypenett som kanaliserer ferdselen.

Fire hovudtema har vore sentrale i planarbeidet:

  • Utvikling av Rauland som reisemål.
  • Sikre areal til stigar, løyper, alpinanlegg og andre viktige areal for reisemålet og reisemålets attraksjonskraft, medrekna omsyn til landskap og friluftsliv.
  • Arealbruk for varme og kalde senger.
  • Utbyggingsavtaler og gjennomføring. 

Då framlegg til ny kommunedelplan vart lagt fram for kommunestyret 16.06.2022, var den bygd på ein føresetnad at den skulle leggje til rette for omlag 900 tomter innanfor planområdet. Kommunestyret reduserte utbyggingspotensialet til å omfatte berre allereie regulerte tomter. Føresetnadane for finansiering av rekkjefylgjekrav, knytt til planfrie kryssingar og nytt kryss til Holtardalen, som var sett i framlegg til KDP vart difor endra. Kommunestyret vedtok 15.09.22, sak 67/22, at desse rekkjefylgjekrava skulle takast ut av planen og at ein skulle finne andre løysingar med tanke på trafikktryggleik.

I samband med reduksjon i utbyggingspotensialet, vil det ikkje vere realistisk å finansiere planfrie kryssingar og nytt kryss via rekkjefylgjekrav og utbyggingsavtaler. I tråd med vedtak i kommunestyret, er det gjennomført ei revidering av KDP Rukkemo – Torvetjønn for å ta ut dette kravet. Revideringa er avgrensa til å gjelde fjerning av rekkjefylgjekravet. I tillegg er det vedteke å leggje inn resultata av naturtypekartleggingane som er utført av Statsforvaltaren, på vegne av Miljødirektoratet. Administrasjonen arbeider med andre måtar å realisere planfrie kryssingar eller andre mindre inngripande tiltak i ein eigen prosess.

Heimel 

Kommundelplan for Rukkemo - Torvetjønn vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Krav om erstatning eller innsyn jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3. Ikkje klagerett jf. plan- og bygningslova § 11-15, tredje ledd.