Vinje kommune kunngjer med dette at reguleringsplan for Holtarbakken planID 20230003 er vedteke i kommunestyret den 06.02.2024, sak 09/24.  


Planen legg til rette for konsentrert utbygging av fritidsbustader på ei tomt i midten av hyttefeltet i Holtardalen.

Klage på vedtaket 

Dei som har klagerett etter loven kan klage på dette vedtaket. 
Klaga må vere skriftleg og sendast til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no innan 11.03.24. 
Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga. 

Meir informasjon 

Du kan kontakte oss på telefon 35 06 23 00. 

Dokument i saka finn du i planarkivet - arealplanar.no, lenke til sida finn du her. 

Utskrift av saka med vedtak finn du her 

Heimel 

Detaljregulering for Holtarbakken vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI. Krav om erstatning eller innsyn jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.