Vinje kommune kunngjer med dette at reguleringsplan for Midtveit bustadfelt og Bora flaumløp planID 20210004 er vedteke i kommunestyret den 16.11.2023, sak 132/23.  

Planen legg til rette for vidare utvikling av bustadfeltet på Heddebru i Haukeli, med tilhøyrande infrastruktur som veg, vatn, avløp og overvatn, tilkomst, leikeområde m.m. Nytt bustadområdet skal hete Midtveit bustadfelt. Vidare sikrar planen omsynssone for flaum i Kjela- og Boravassdraget og legg til rette for flaum- og erosjonssikring langs Bora.

Klage på vedtaket 

Dei som har klagerett etter loven kan klage på dette vedtaket. Klaga må vere skriftleg og sendast til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no innan 19.12.23. Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga. 


Meir informasjon

Meir informasjon om planen finn du på Tenestetorget - kommunehuset i Åmot. Du kan og kontakte oss på telefon 35 06 23 00. 

Dokument i saka finn du her i planarkivet - arealplanar.no

Utskrift av saka med vedtak finn du her 

Heimel 
Detaljregulering for Midtveit bustadfelt og Bora flaumløp vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI. Krav om erstatning eller innsyn jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.