Korleis skal Vinje sjå ut i framtida? Er det stader, landskap, bygningar, bygningsmiljø eller tradisjonar som er umisselege og som me må ta vare på?

Vinje kommune arbeider med ein plan som skal gje oversikt over, og styrkje forvaltinga av viktige kulturminne og kulturmiljø som er verdifulle å ta vare på, for oss sjølve og dei som kjem etter oss. For at vår kulturmiljøplan skal bli så god som den kan vera, så treng me å vita kva vinbyggjane meiner om temaet. Me treng kunnskap og synspunkt frå folk i ulike aldrar og med ulik bakgrunn, frå ulike næringsvegar og frå ulike grender.

For å få innspel frå så mange som mogleg, har me sett saman eit opplegg me kallar for gjestebod. Med gjestebod meiner me ein uformell samankomst med små grupper der ein person inviterer ein eller fleire gjester for å diskutere fritt og ope kring eit plantema. Gjestene får høve til å seie si meining om temaet som blir teke opp, og verten har ansvar for å presentere spørsmåla og samle inn synspunkt. Kven som skal inviterast, og kvar og når de skal treffast, avgjer verten.

Me vonar de ser verdien av dette arbeidet, og at de finn høve til å hjelpe oss med dette. Me er takksame for både små og store innspel, så om de berre ynskjer å svare på eitt eller nokon av spørsmåla er det heilt greitt.

Sjå invitasjonen til deltaking med samtaletema her

Innsending av svar

Me ber om ei kort oppsummering av synspunkt. Dersom det har vore stor semje eller usemje i diskusjonen, kan dette godt kommenterast. Me vil gjerne vite kor mange de har vore på gruppa, alderen til deltakarane og kvar de er i frå, men me treng ikkje vita namn.

Svaret som blir sendt inn frå gjestebodet blir gruppa sitt innspel til planprosessen. Alle kan også gje eigne innspel om dei ynskjer det, eller har lyst til å utdjupe noko etter gjestebodet. Dersom du kjenner andre som du trur ville vera interesserte i å sende synspunkt eller kalle saman til gjestebod, er me takknemlege om du sender invitasjonen vidare.

Innspel kan sendast til Vinje kommune på e-post: postmottak@vinje.kommune.no
Svara frå gjestebodet vil bli teke med i det vidare arbeidet med kulturmiljøplanen for Vinje. 

Frist for å gje innspel er 5. august 2024.