Trygg trafikk sitt tema i desember er køyring i ruspåverka tilstand.
Har du planar om å ta deg nokon glas med alkohol, bør du også planlegge for alternativ transport. Sjølv om det kun er ein kort tur heim, må du la bilen stå!
- Du har eit ansvar for å melde frå viss du veit om, eller mistenker at nokon køyrer i ruspåverka tilstand.
- Køyring i ruspåverka tilstand er ei medverkande årsak til mange alvorlege ulykker på norske vegar.
- Hugs at promilla kan sitje i dagen derpå.
- Ver sikker på at du er i stand til å køyre bil før du set deg bak rattet.
Vel heim!