I samband med ein førespurnad frå både Rauland Historielag og Vinje kommune har Kartverket teke avgjerd om å ta opp at namnesak for Åsbogdalen/Åsbokdalen/Åsbekkdalen. Saka tas opp igjen i medhald av § 12 i forskrift om stadnamn, da det har kome inn nye opplysningar om at den riktige skrivemåten er Åsbekkdalen. Saka vert gjenopna for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.

Då Kartverket gjorde vedtak om Åsbogdalen i brev datert 11.11.2020 skrev dei samstundes at «Når det gjeld primærnamnet i denne saka, Åsbok/Åsbog, er dette namnet på ein tidlegare støl i Rauland. I arkivkortet i heradsregisteret kjem det fram opplysningar om at Åsbog har vore ein opphavelig støl utan sel. Det er samstundes visst til arkivkortet for Åsbokstaulen. Kartverket finn ikkje namnet i kartet og det er heller ikkje registrert i Sentralt stadnamnregister (SSR). Det er ikkje tvil om at primærnamnet i saka er det opphavlege stølsnamnet Åsbog.» Viss det finst informasjon om plassering av namnet på stølen i denne saka, bed me om at denne vart opplyst i høyringsrunden slik at Kartverket får registrert namnet i Sentralt stadnamnregister (SSR).

Saka er no på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. I tillegg til primærnamna tek me avleidde namn med i saka, jf. § 8 siste ledd i forskrift om stadnamn.

Vinje kommune ber om høyringsinnspel på skrivemåte for offentleg bruk.

Saka gjeld fylgjande namn med variantar av skrivemåtar:

  • Åsbog / Åsbok / Åsbekk (seter/støl) - Me ber og om innspel på rett plassering av namnet.
  • Åsbogdalen / Åsbokdalen / Åsbekkdalen (dal)
  • Åsboktjønni / Åsbogtjørn / Åsboktjørni (tjern)
  • Åsbogdalen (adressenamn) – kommunen er vedtaksmynde

 

Frist for å koma med innspel er 04.02.2022. Innspela sendast til postmottak@vinje.kommune.no eller Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje.

Dokument: sjå her