Statens kartverk gjorde den 19.10.2021 vedtak om mellom anna skrivemåten Kollsnutgryslene i Vinje kommune. Vedtaket vart påklaga av Rauland Historielag, som ynskjer Kollsnutgrysline. Oppstart av klagesak for mellom anna namna Kostveitvatnet/Kostveitvatn og Filleherbergvatni/Filleherbergvatn vart sende ut i brev til Vinje kommune den 01.12.2021. Saka kan du lese her

Kartverket har sendt saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn. 

Saka gjeld fylgjande namn med variantar av skrivemåtar:

·       Kollsnutgryslene/Kollsnutgrysline (vatn) – saka gjeld berre skrivemåten av etterlekken –gryslene/-grysline.

 For fleire opplysningar om namnet/namna, sjå innsynsløysinga til Kartverket for SSR: http://norgeskart.no/ssr/

Høyringsfråsegn sendast til Vinje kommune postmottak@vinje.kommune.no innan 21.01.22.

Lokal høyring 
Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av m.a. naturnamn, nedervde gards- og bruksnamn og seternamn. Før Kartverket gjer vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har serlig tilknyting til. 

Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Difor bed me om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen.

Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, bed me om å få opplyst dei forskjellige uttaleformene. 

Normeringsprinsipp 
I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel fylgja gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf.§ 4 fyrste ledd i lov om stadnamn. Skrivemåten skal vera praktisk og ikkje skyggja for meiningsinnhaldet i namnet. I utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn er det meir detaljerte føresegner om korleis stadnamn skal normerast.

Skrivemåten av primærnamnet vil normalt vera retningsgjevande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar, t.d. for adressenamn som er like eller avleidde av namnet, jf. § 4 tredje ledd i lova. Kommunen må difor setja på vent eventuelt pågåande saker som gjeld adressenamn og adressetilleggsnamn, der dei same namna inngår, til det er gjort vedtak om skrivemåten av primærnamna. Kommunen må ta omsyn til den vedtekne skrivemåten av primærnamnet når dei skal gjera vedtak.

Vidare saksgang 
Kommunen har ansvaret for å kunngjera at klagesaka er reist. Kommunen har òg ansvaret for å henta inn og samordna dei lokale høyringsfråsegna.

Høyringsfråsegn som er komne inn tidlegare, vil fylgja saka. Desse treng ein ikkje senda inn på nytt. 

Vinje kommune sender dei lokale høyringsfråsegna til Språkrådet, med kopi til Kartverket. Språkrådet vil så gje endeleg tilråding til Kartverket. Dersom klagaren ikkje får medhald i klagesaka, sender Kartverket saken vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd. 

For opplysningar om saksgang, kontakt Kartverket på telefon 32 11 80 00. For namnefaglege spørsmål, kontakt Språkrådet på telefon 22 54 19 50.

Dokument i saka
Tilleggsbrev til oppstart av klagesak
Klage - namnesak Rauland historielag
Vedtak i namnesak