Adressenamnet Åsbekkdalen vert endra til Åsbogdalen.

Saka vart handsama i plan- og miljøutvalet 01.03.2023 i sak 25/23. 

Det vart vedteke å endre adressenamnet Åsbekkdalen til Åsbogdalen, som fylgje av avgjerd i namnesak. Dette er i tråd med stadnamnlovas § 4, etter at Åsbogdalen vart vedteke som stadnamn av Statens Kartverk 28.04.2022. 

Informasjon om klagerett

Dei som har klagerett etter § 12 i lov om stadnamn (offentlege organ, ein lokal organisasjon med særleg tilknyting til eit stadnamn, og stadnamntenesta), kan klage på vedtaket innan 24.03.23. 

Ei eventuell klage skal du sende til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no
Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld. 

Dokument i saka