Innovasjonsprosjektet "Ein morosam omveg" skal utvikle nye møteplassar og legge til rette for ulike fysiske aktivitetar. "Me ynskjer å nytte samspelsentreprise som gjennomføringsmodell. Det vil seie at valde aktørar er med både i utviklings- og gjennomføringsfasen. Det hadde vore moro om lokale næringsaktørar meldte si interesse", seier prosjektleiar Aud Irene Kittelsen i Vinje kommune.

Prosjektet i Edland er del av eit nasjonalt prosjekt i regi av Tverga, ein frivillig organisasjon som hjelper kommunar med å utvikle nærmiljø der folk kan vere aktive på ulike måtar. Prosjektet er finansiert med både statlege og kommunale midlar, og har til no fått midlar på ca. 8 millionar kroner.

I noverande skisse er det lagt opp til både sykkelanlegg, svevesti, dinglehytter, hengekøyepark, badeplass og mingleplassar. Les meir om planane her. Prosjektet er på skissestadiet, og utforming og kostnadsoverslag er difor ikkje endelege.

Prosjektet lysast ut offentleg i løpet av hausten. «Me oppmodar lokale verksemder til å melde seg på i prosessen», seier prosjektleiar Aud Irene Kittelsen.

For meir informasjon, ta kontakt på e-post aud.irene.kittelsen@vinje.kommune.no

Ein morosam omveg.png

Skisse Ein morosam omveg.png