I Vinje kommune er me så heldige å ha fleire ungdomar og unge vaksne som har sommarjobb. 

Ungdom frå 10. klasse til 17 år har sommarjobb i tre veker, det kan mellom anna vera i helse og omsorg, barnehage, SFO, vaktmeistartenester, grøntanlegg/teknisk og reinhald. Me har også andre, unge vaksne, som har sommarvikariat i ulike verksemder. 

Hanna Romtveit Åmot

Den 16 år gamle Raulandsjenta Hanna har fått seg sommarjobb i Rauland barnehage. Ho skal byrje på Helse og oppvekst på Vest-Telemark VGS til neste år, så denne sommarjobben gjev ho god erfaring. «Det er moro å vera med ungane og leike med dei 😊» seier Hanna. Me kan sjå at Hanna passar godt til denne jobben, for sjølv om ho blir intervjua, tatt bilde av og filma, så bli konsentrasjonen hennes fort retta mot barna når det kjem eit lite skrik.

Bilde av Hanna
Bilde av Hanna 

Lars Strømme

Rundt om i Vinje ser du ein kar som køyrer rundt med ein sitteklippar, det er sommarvikaren Lars, som arbeider på Grønt i Teknisk avdeling. Han har vore ein super vikar fleire somrar, og han er ein av dei som steller i stand slik at det blir grønt og sommarleg i kommunen vår 🌞

Bilde av Lars
Bilde av Lars 

Ane Slåtta

Ane på 17 år har fått seg sommarjobb på kommunehuset i Åmot. Her jobbar ho mellom anna med å halde orden i kantina, delar ut og hentar post, og ordnar innlegg til kommunen si nettside og sosiale plattformar. «Eg synest at jobben er interessant fordi den er variert, og det er alltid noko å gjera 😊. Er eg for eksempel ferdig med hovudoppgåvene mine for dagen, får eg hjelpe med å gjera litt andre ulike oppgåver. Ei av oppgåvene mine gjennom desse to vekene har vore å skrive dette innlegget her, om ungdom som har sommarjobb i kommunen» fortel Ane.

Bilde av Ane
Bilde av Ane 

Håkon Sørland Lyslid

Den 18 år gamle sommarvikaren i Rauland barnehage, Håkon, synest det er fint å få bli kjent med den nye generasjonen. Han fortel at det er kjekt å få vera med å hjelpe desse nybegynnarane, vise dei og guide dei litt gjennom starten av livet. Han synest også at Rauland er ein perfekt stad for ein barnehage, der barna veks opp i meir trygge omgivelsar. Her er det meir avsides og roleg, i forhold til barnehagar som er plassert inne i ein stor by 😊

Bilde av Håkon
Bilde av Håkon 

Gunhild Kvålseth

Gunhild studerar vatn- og miljøteknikk ved Universitetet på Ås. Det er grunnen til at ho søkte på sommarjobb i Vinje kommune. Gunhild er sommarvikar på Vatn og avløp på Teknisk avdeling, der ho veit at ho kan lære mykje. Ho fortel at ho kan bruke det ho lærer gjennom studiet, men at ho også lærer mykje nytt om korleis kommunar forvaltar vatn og avløp. Jobben hennes består av mellom anna å ta vassprøver av både vatn og leidningsnettet (dette blir gjort for å vite at me har reint og fint vatn i springen😊), jobbe med kart på data, og oppdatere leidningsnettet i Vinje.

Bilde av Gunhild
Bilde av Gunhild 

Vinje kommune er takksame for alle dei flotte ungdomane som har sommarjobb i kommunen vår 🌻