Kommunevalet nærmar seg, og på neste næringstreff er det duka for politisk debatt om næringsutvikling. Ordstyrar er Astrid Versto.

Alle partia som stiller liste ved valet i haust har takka ja til å da del. Utgangspunktet for debatten vil vere kommunen sitt utkast til ny næringsplan og dei partipolitiske programma.

Kvelden startar med matservering. Landbruket i Vinje vil dessutan dele ut sin gladpris for 2022, og det blir siste nytt frå kommunen.

Alle næringsdrivande i Vinje kommune er velkomne. Meld deg på innan 9. juni via skjemaet nedanfor. Vel møtt!

Når: Onsdag 14. juni 2023. Matservering frå 18.00. Programmet startar 18.45. Slutt 21.00.
Kor: Fjellvang, Storegutvegen 80, Edland

Påmeldingsskjema