Det nasjonale arrangementet «Sykkelturen 2022», i regi av frivilligsentralane i Noreg, går frå Nordkapp til Arendal, med ei etappe i Haukeli. Lokale verksemder og organisasjonar er velkomne til å bidra til arrangementet.

Sykkelturen 2022 er eit av arrangementa som markerer Frivilligåret 2022. Den 5. august arrangerer Vinje frivilligsentral ei etappe i Haukeli. Arrangementet skal ha base ved Norheimstunet aldersboligar. Det blir ei kort sykkelløype som passar for alle. Haukeliseter Fjellstue kjem med bakevarer frå Bakeri Nansen. Ulike lokale lag og organisasjonar kjem med representantar. Arrangementet vert avslutta med ein konsert med E-76 på parkeringa utanfor Spar.

Har du idear, eller vil du bidra med til dømes sponsing, frivillig innsats, premiar, stand eller noko anna? Ta kontakt med Vinje frivilligsentral på frivilligsentralen@vinje.kommune.no.