Ny tømekalender

Du finn ny tømekalender for 2025 på Renovest si nettside. Om du vil ha den i papirformat kan du laste ned og skrive ut kalenderen frå nettsida. Om du ikkje har mogelegheit til å skrive ut sjølv, kan du koma innom på Tenesteteorget, så kan me skrive den ut for deg.

Sjå tømekalender for 2025 her. 

Last gjerne ned appen Min Renovasjon, der du mellom anna kan:

  • få oversikt over når avfallet ditt blir henta
  • få varsel i appen, slik at du hugsar å sette fram rett avfallsbehaldar før tøming
  • finne returpunkt og gjenvinningsstasjonar i nærleiken

Manglar du posar til matavfall? 

  • Husstandar: nærmar du deg tom for matavfallsposar kan du knyte ein tom pose på dunken din. Då leverer renovatøren ut ein ny rull med posar ved neste avfallshenting. Du kan også oppsøkje avfallsmottaket i opningstida, eller koma innom på Tenestetorget. 
  • Hytteeigarar: du kan hente matavfallsposar i eigne skåp i matavfallsskura på hyttereturpunkta. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom.

Du finn meir informasjon på Renovest si heimeside her