Har du ei ledig stilling du treng å fylle, eller er du på jakt etter kompetanse? Då kan du ta del i Vest-Telemarkrådet sitt stillingsslepp.

Vest-Telemarkrådet organiserer stillingsslepp to gonger i året, der eit samla slepp av stillingar og marknadsføring av desse bidreg til at fleire får augo opp for jobbmoglegheitene i Vest-Telemark. Målet er fleire kvalifiserte søkjarar og fleire innbyggjarar i regionen vår. Den 25. august er det nytt slepp med stillingar. Alle stillingar kan registrerast, både faste og midlertidige, heiltid og deltid. Og kanskje har du ikkje ei konkret stilling, men ein jobb dersom riktig person søkjer? Flott! Det beste av alt: Det kostar ingenting å bli med på stillingssleppet!
 
Det ligg meir informasjon på https://arbeid.vest-telemark.no, og her er det mogleg å registrere stillingar. Om det er spørsmål, er det berre å ta kontakt på post@vt-radet.no.