Helsemyndigheitane har no bestemt seg for å godkjenne oppdaterte versjonar av koronavaksinene. Desse skal gje noko betre immunrespons mot Covid-19-varianten Omikron BA.1, og like god immunrespons mot det opphavelege viruset. Det er ikkje bevist nokon endra effekt mot andre variantar.


I Vinje har me i heile vaksinasjonsprogrammet nytta vaksina Comirnaty frå Pfizer/BioNTec. Det vil me halde fram med. Den oppdaterte versjonen av denne vaksina vil etter planen vere tilgjengeleg i Vinje frå veke 38.

I veke 36 og 37 vil me altså vaksinere med den opphavelege versjonen av Comirnaty. Om du skulle ynskje å bli vaksinert med den oppdaterte versjonen må du avbestille vaksinasjonstimen din, og bestille ny time frå veke 38 og framover. Me vil informere alle som kjem til vaksinasjon om dette, så dei får høve til å ta eit informert val.