Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Deler av kurset vil også vere ope for andre interesserte. Kurset vil gå over fire kveldar frå slutten av august og ut september med ulike tema kvar kveld. Dette er eit interkommunalt samarbeid mellom Vinje og Tokke der demenskoordinator i Vinje står for koordinering og gjennomføring.

Fyrste samling er 30. august kl 17-20 på Trevet i Åmot (biblioteket).
Det kjem meir informasjon om program og påmelding i starten av august