Vinje kommune kunngjer med dette at PlanID
220180007 Detaljregulering for GS-veg Austbø er vedteke i kommunestyret den 14.09.23, sak 100/23.  

 

Planen legg til rette for etablering av gang- og sykkelveg frå Austbø til Rauland sentrum. Det har vore arbeidd med prosjektet i mange år. Planarbeidet har også omfatta vurdering og val av trasé for ny GS-veg. Det er gjort eit forsøk på å gjere at tiltaket påverkar tilhøvet til dei som bur langs strekninga, landbruk og viltomsyn så lite som råd, samstundes som ein tek vare på trafikktryggleiken.

I høyringsperioda vart det varsla motsegn frå fylkeskommunen grunna vald løysing med smal rabatt istadenfor grøft. I henhold til N100 skal det vera minimum 1,5 meter fysisk skille mellom køyrevegen og gs-vegen i 60-sone.

Etter offentleg ettersyn vart det i dialog med fylkeskommunen avgjort å gå for ein justert løysing, med asfaltert bredde på 2,5m, pluss 0,25m skulder på kvar side, samt 1,5 meter grøft mellom køyreveg og gs-veg (utan rekkverk). Den justerte løysinga fører til ei auking i totalbreidde på 0,25m. 
Figuren under viser planlagt løsning:

Konsekvenser ved justert løysing

Trafikksikkerheit og framkomst: Justert løysing medfører ein trafikksikker løysing som er i henhold til krav i vegvesenet si handbok N100.

Landbruk: Løysinga som blei utlagt til offentleg ettersyn førte til at omlag 380 kvm dyrka mark og omlag 215 kvm innmarksbeite vart permanent omdisponert til areal for gs-veg og sideareal (omlag 600 kvm til saman). Den justerte løysinga etter offentleg ettersyn vil føre til a tomlag. 445 kvm dyrka mark og omlag 177 kvm innmarksbeite vil bli permanent omdisponert (omlag 620 kvm til saman). Det er marginal forskjell i inngrep på dyrka mark/innmarksbeite på dei to alternative løysingane.

Inngrep på private eigedomar: Justert løysing vil få små konsekvensar for private eigendomar, samanlikna med løysinga som var lagt ut til offentleg ettersyn. Det blir ikkje endringar i plassering av avkøyrslar. Endring i omfang er lite, og detaljane i høve inngrep på eigedomar avklarast fyrst i detaljfasen. Justert løysing vil føre til mindre behov for vedlikehald på grunn av at rekkverk kuttast ut, og det blir betre plass til snølagring.

Meir informasjon 

Meir informasjon om planen finn du på tenestetorget - kommunehuset i Åmot. Du kan og kontakte oss på telefon 35 06 23 00. 

Dokument i saka finn du på i planarkivet - arealplanar.no. Link til sida her.

Utskrift av saka med vedtak finn du her