I dag blir refleksdagen markert over heile landet. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamnar i ei ulykke. 

Sjølv om dei fleste av oss veit at det er svært viktig å bruke refleks, viser undersøkingar at berre 4 av 10 nordmenn brukar det. Dei vaksne blant oss er aller dårlegast på bruken, men er heldigvis flinke til å utstyre barn med refleks. 

  • Bruk alltid refleks som bevegar seg når du går
  • Hugs å bruke to refleksar, ein på kvar side, slik at du er synleg frå fleire kantar
  • Med refleks blir du synleg i trafikken!

Les meir om refleksbruk på Trygg trafikk.