Regjeringa rår alle frå 65 år og oppover, og personar i aldersgruppa 18-64 med underliggande risiko for alvorleg sjukdom av covid-19, ei ny oppfriskningsdose koronavaksine.

Dette vil for dei fleste vera den fjerde dosa koronavaksine.

Vaksina kan du ta tidlegast 4 månader etter den siste vaksine dosa.

Oppfriskningsdose er tilrådd sjølv om du har hatt korona.


Vaksineringa skjer på legekontoret i Åmot onsdagane: 10.08, 24.08, 07.09 og 21.09. Frå kl. 16.00 - 18.00. Det er ikkje timebestilling.