Taket på kommunehuset skal rehabiliterast - grunna lekkasje og etablering av solcelleanlegg.

Tilrigginga starta i veke 33 og rivingsarbeid etter det. Arbeidet vil halde fram til januar 2024.

Som de vil sjå av riggplanen vil entreprenøren okkupere mykje av arealet på framsida av kommunehuset. Det vil bli etablert ein passaje inn til tenestetorget/hovudinngangen. 

Kommunestyresalen vil ikkje vera i bruk i denne perioden. Kommunestyremøta vil vera på Vinjehuset.
De kan framleis parkere i Vesaasparken, men de må gå ut på gangvegen og inn den oppmerkte passasjen.