Prosess

Fase 1 – september til desember 2023​

  • Me gjer oss kjent med eksisterande kunnskapsgrunnlag og planar/føringar​.
  • Me hentar inn meir informasjon/data om nødvendig​.
  • Me lagar mal for lokale strategiar​.

Fase 2 – januar til juni 2024​

  • Destinasjonane lagar eit grovt første utkast til mål/strategi/tiltak lokalt​.
  • Me involverer viktige interessentar og skaffar innspel​.
  • Me lagar utkast til mål/strategi/tiltak for Vinje som heilskap og for Haukeli/Åmot/Rauland spesielt.
  • Me gjennomfører «modne» tiltak fortløpande​.

Fase 3 – august 2024 og framover

  • Me sender strategien til politisk handsaming​.
  • Me gjennomfører tiltaksplanen​.
  • Me etablere ei rutine for evaluering og oppdatering av strategien.

Organisering

  • Destinasjonane jobbar kvar for seg når det er relevant, med eventuell støtte frå prosessleiar og/eller ekstern ekspertise.
  • Me dannar ei strategigruppe med ansvar for felles strategiarbeid.​​
    • Destinasjonsleiar/-koordinator frå kvar destinasjon​
    • Ein eller fleire personar frå kvart destinasjonsstyre, avhengig av agenda/kapasitet​
    • Prosessleiarar frå næringskontoret i kommunen​
    • Andre frå kommunen (næring, plan, kultur, landbruk osb.), avhengig av agenda/kapasitet​
    • Ekstern ekspertise, avhengig av agenda/behov​
  • Strategigruppa involverer andre og fordelar arbeidsoppgåver ved behov​.
  • Strategigruppa møtast som regel til eit månadleg møte på 2 timar.

Mal for strategiarbeid

Vinje sin strategi skal følgje opp og utfylle den regionale reiselivsstrategien for Vest-Telemark. Me baserer oss på det arbeidet som er gjort regionalt med å utvikle visjon, ambisjon, hovudmål og hovudstrategiar. Strategien vår skal ta utgangspunkt i innsatsområda i den regionale strategien. Vinje sin strategi skal samtidig sørge for at me oppfyller krava i standarden for berekraftige reisemål.

Som eit første steg i strategiarbeidet har me blitt samde om at kvart destinasjonsselskap lagar eit grovt utkast til lokal strategi for sin destinasjon. Destinasjonane står fritt til å strukturere dette arbeidet som dei ønskjer, men følgande liste over tema og mal for strategiarbeid kan tene som utgangspunkt. Denne er basert dei 10 innsatsområda i den regionale strategien, standarden for berekraftige reisemål og lokale særtrekk i Vinje. Me kan endre på temainndeling og struktur etter kvart i prosessen.

Destinasjonsselskapa bestemmer sjølve kven dei vil involvere i denne første fasen av strategiarbeidet. I løpet av prosessen må me saman sørge for at alle relevante interessegrupper blir involvert.

Tema

  • Opplevingskonsept, produkt og tenester
  • Fritidsbustader
  • Lokalbefolkning og deltidsinnbyggarar
  • Landbruk og ferdsel i utmark
  • Kultur og mat
  • Klima og miljø
  • Tettstadutvikling og infrastruktur
  • Organisering og finansiering
  • Rekruttering, kompetanse og jobbkvalitet
  • Kommunikasjon og marknadsføring

Mal for strategiarbeid

  • Moglegheiter
  • Utfordringar
  • Mål (inkludert indikatorar for måloppnåing)
  • Tiltak (inkludert finansiering og ansvar)

Andre planar og føringar

  • Kommuneplanens samfunnsdel ​
  • Kommuneplanens arealdel ​
  • Kommunedelplanar ​
  • Reiselivsstrategi for Vest-Telemark
  • Næringsplan
  • Landbruksplan​
  • Klimaplanar (fylke, Vest-Telemark, kommunal)​
  • Sti- og løypeplan​ for Vinje
  • Regionalplan for Hardangervidda, inkludert sti- og løypeplan ​
  • Heiplanen​
  • Tiltaksplanar Hardangervidda (kvalitetsnorm villrein) ​

Relaterte prosessar

  • Rullering av samfunnsdelen i kommuneplanen
  • Rullering av arealdelen i kommuneplanen, inkludert rullering av kommunedelplanane for Åmot og Rauland

Haukeli/Edland

  • Reinsparken​
  • Utvikling av Tyrvelidkrysset​
  • Utvikling i Haukelikrysset
  • Fyrtårn/besøkspunkt Vågslid

Åmot

  • Nytt handels-/leilegheitsbygg på billagstomta og nye omsorgsbustader ved helsesenteret
  • Ormetjønn (Faun) og hotelltomta
  • Utvikling av Vinjehuset og flytting av biblioteket
  • Oppgradering av Forsvarsmuseet
  • Utvikling av området rundt Groven, mogleg flytting av ljosløype, fleire løyper knytt til Groven og kopling av skiløyper mot bustadfelta.

Rauland

  • Kunsthus​
  • Næringshage AiR​
  • Landbrukshage Lega​
  • Skatepark​
  • Ny reguleringsplan og prosjekt verdsarv på Tangen/Møsstrond