Trimordninga frå 2008 har vorte tru tradisjon for tilsette i Vinje kommune. Målsettinga er å motivere på eit lågterskelnivå til å vere i fysisk aktivitet. Som arbeidsgjevar ynskjer Vinje kommune at dei tilsette skal ha ei god oppleving å vere aktive, noko som har ein førebyggande helsegevinst og er gunstig for å auke jobbnærværet.


 

Premiane er gåvekort på 600 og 1200 kr, som vert nytta på dei lokale sportsbutikkane. I tillegg er det trekking av tre større premiar frå sportsbutikkane og arbeidsgjevar. Kostnadane for ordninga er vel anvendte midlar for å auke trivsel og å vere ein attraktiv arbeidsplass. Rådmannen seier det er god tradisjon å møte sportsbuine på denne måten og takkar for at dei stiller opp. Vinjetilsette kan no gjere seg klare for ein ny og aktiv sesong.

  1. premie verdi kr  12 000, Sport1 Åmot.
    Ida Reine Sandok, Helse og Meistring
  2. premie verdi kr 10 000, gåvekort frå Vinje kommune.
    Reidun Nystog, Kyrkja
  3. premie verdi kr 6 000, gåvekort Rauland fjellsport.
    Kristianne Thomassen, Åmot skule