Kommunal straumstøtte til næringslivet

Vinje kommune vedtok i kommunestyret den 16. desember 2021 ei støtteordning for verksemder råka av høge straumprisar. Ordninga har ei ramme på 3 millionar kroner og omfattar perioden 1. desember 2021 til 31. mars 2022. Kommunen gir støtte til utgifter som overstig snittet av historiske prisar i tilsvarande periodar i 2017-2020. Nedre grense for støtte er 5 000 kroner.

Kommunen la opp til ein separat søknadsrunde for kvar månad i perioden, inntil ramma er brukt opp. I søknadsrundane for desember og januar kom det inn mange søknadar. Kommunen handsamar no desse, og vil komme med meir informasjon om utbetaling og eventuelle nye søknadsrundar så fort som mogleg.

Ordninga omfatta i utgangspunktet frivillige organisasjonar. Då regjeringa er komen med ei statleg ordning (sjå neste avsnitt), blir frivillige organisasjonar tatt ut av den kommunale ordninga, i tråd med kommunestyret sitt vedtak.

Statleg straumstøtte til frivillige organisasjonar

Regjeringa har oppretta ei tilskotsordning for frivillige organisasjonar som følge av dei ekstraordinære straumutgiftene. Det er kommunane som forvaltar ordninga. Søknadsfrist er 15. mars kl. 13.00.

Les meir om ordninga og korleis du søkjer her