Kommunane Tokke, Ullensvang og Vinje har sidan hausten 2021 hatt ei felles arbeidsgruppe som jobbar med tilrettelegging for sykling frå Dalen, via Vinje og til Skare i Ullensvang. Målet er først og fremst auka sykkelturisme, men også betre trafikktryggleik, då det allereie er folk som syklar på strekninga. Tanken er å nytte eksisterande vegar, gamle vegar og nye vegar på nokre strekningar.

Arbeidsgruppa ønskjer no innspel frå næringsaktørar i kommunane før ein går vidare med eit eventuelt prosjekt. Næringskontoret i Vinje kommune inviterer difor til eit informasjonsmøte der målet er å få tankar og innspel frå interesserte verksemder. Møtet finn stad på nett den 16. februar frå 14.00 til 15.00. Me har sendt ut invitasjon på e-post. Om du ikkje har mottatt denne, men ønskjer å ta del, ta kontakt på knf@vinje.kommune.no.