Nokre veker i mai og juni kjem arkeologar frå Kulturhistorisk museum og Telemark fylkeskommune til å gjennomføre synfaring og mindre arkeologiske undersøkingar langs fleire vatn i Vinje. 

Bakgrunnen er beslutninga om å sette av midlar til gransking av kulturminne i tidigare neddemte vassdrag og undersøkingane blir finansiert over ei sektoravgift som blir sett av på Statsbudsjettet. 

Denne ordninga omfattar vassdrag der opphavleg konsesjon blei gjeven før 1960. I denne samanheng betyr det vassdraga der det vart gjeve løyve til regulering i 1957: Langesæ, Ståvatn, Kjelavatn, Bordalsvatn, Øvre Langeidvatn, Songavatnet, Totak og Vinjevatn.

Prosjektet vil gå føre seg over fleire år og bidra med ny kunnskap om menneska som levde i Vinje frå steinalder til nyare tid. 

Når dei er ute vil det vere ein liten gjeng med gule "uniformar" som bevegar seg rundt, det kan vere nokon lurar på kva som skjer. Det kan også vere at nokon har informasjon som dei frå kulturhistorisk museum har nytte av å vite. 

Her kan du lese meir om prosjektet

Kontaktperson: Kjetil Loftsgarden e-post kjetil.loftsgarden@khm.uio.no, telefon 99 02 00 42