Det vart vedteke at Vinje kommune skal sende ut faktura på kommunale avgifter ein gong i månaden – altså 12 terminar.

Det er og lagt opp til at me kan tilby andre terminar.
Du kan då velje mellom:

  • Faktura 4 gonger i året 
  • Faktura 2 gonger i året
  • Faktura 1 gong i året
  • Faktura 12 gonger i året

Kva gjer du om du ynskjer å endre frå månadleg fakturering til eit anna intervall:

Send ein e-post til Tenestetorget her
Skriv kva terminoppsett du ynskjer, namn, telefonnummer, gards- og bruksnummer og adressa avtalen gjeld.
Har du ikkje moglegheit til å sende e-post, kan du ringe oss på telefon 35 06 23 00.

Når blir terminane fakturert:
4 terminar: Februar, mai, august, november
2 terminar: Februar, august
1 termin: Februar
12 terminar: Kvar månad