Den nye nettstaden "Vinje, naturlegvis" og ein ny "Vinjelos" skal lokke potensielle tilflyttarar og arbeidstakarar til Vinje.

Vinje kommune har som mål å auke talet på innbyggjarar med 200 innan 2028. Som ein del av dette arbeidet har kommunen fått utvikla ein nettstad utforma spesielt med tanke på potensielle tilflyttarar. Nettstaden skal marknadsføre Vinje som heimkommune og inneheld informasjon om jobb, næringsutvikling, bustad, fritid og oppvekst. Han er utforma slik at han skal vere godt synleg i digitale kanalar, spesielt nettsøk.
 
 

Bli med på å synleggjere Vinje!

Håpet er at nettstaden også skal medverke til eit betre rekrutteringsgrunnlag for næringslivet i kommunen. Vil du og di verksemd hjelpe med å gjere nettstaden synleg? Her er nokre tips til kva du kan gjere:
  • Legg inn ei lenke til nettstaden på dykkar eigen nettstad
  • Vis til og legg inn ei lenke til nettstaden i stillingsutlysingar
  • Tips nye og gamle tilsette om nettstaden
  • Vis til nettstaden i sosiale media

Vinjelos skal leie arbeidet med folkevekst

Eit anna viktig verkemiddel i arbeidet med å auke innbyggjartalet, er tilsetjing av ein dedikert "Vinjelos". Denne personen skal jobbe heilskapleg med å rekruttere nye sambygdingar og ta vare på alle oss som bur her i dag. Vinjelosen sine oppgåver vil hovudsakleg vere å følgje opp handlingsplanen for folkevekst som vart utvikla gjennom ein forstudie utført i 2021. Les rapport frå forstudien og handlingsplanen her. Kommunestyret vedtok handlingsplanen og tilsetjing av "Vinjelos" den 18. november 2021. Stillinga blir lyst ut.