Vinteren i år er særleg krevjande for villrein. Regn med påfylgjande frost har ført til at store beiteområder i høgda har isa ned. Villrein trekk då gjerne ut mot lågareliggjande område for å finne beite, område der dei normalt er sjeldan å sjå. 

Villreinen slit altså med å finne mat og treng å bevege seg fritt, med minst mogeleg forstyrringar.

Me oppmodar om å syne særleg varsemd om du ferdast i villreinområde. Her er dei generelle villreinvettreglane:

  1. Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt i vitje.
  2. Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai; nokre stadar er det ferdselsforbod.
  3. Fylg merkte løyper.
  4. Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
  5. Hald deg i ro om du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrra
  6. Bruk kikkert og hald avstand.