Kommunen varslar med dette oppstart av planarbeid for reguleringsplan for Mobø bustadfelt 136/71, Raulandsgrend, planID 20240003. Kommunestyret vedtok 14.09.2023, i sak 105/23, å kjøpe tomta ved Mobø  136/71 for å etablere nytt kommunalt bustadfelt. Planområdet er totalt om lag 18,7 dekar. 


Planarbeidet

Målet med planarbeidet er å omregulere detaljregulering Mobø 136/71 planID 20180001 til kommunalt bustadfelt. Detaljregulering for Mobø vart vedteke av kommunestyret 03.09.2020 i sak 20/75 og legg til rette for fritidsbusetnad, med 14 mindre tomter og 3 stortomter med høve for fleire bueiningar. ROS-analyse og flaumvurdering er gjennomført i forbindelse med dette planarbeidet. I kommunedelplan for Rauland er arealformålet ved Mobø sett av til «framtidig anna byggjeområde» - Byggjeområdet er sett av til blanda føremål yrkesbygging/fritidsbustader (YF9 og YFR). 
 
I planarbeidet er det lagt opp til brei medverknad, og kommunen ynskjer aktiv medverknad frå innbyggjarane til å bli med å forme konsept og type bustadfelt, for å skape til eit attraktivt og ettertrakta bustadfelt i Raulandsgrend. I overordna planprosessar har det kome innspel om at kommunen bør leggje til rette for også andre buformer ut over den tradisjonelle buforma med store tomter og einebustadar som er tilgjengeleg i kommunen i dag. Vidare ser kommunen at det er krevjande for unge som flyttar attende, og spesielt førstegongskjøperar å kome seg inn på bustadmarknaden. Det vil vere aktuelt å undersøkje dette nærare, og sjå på andre og nytenkande alternativ i planprosessen med det nye bustadfeltet på Mobø.
 

Folkemøte

Ynskjer du å vere med å påverke kommunens nyaste bustadfelt, kom på folkemøte/bustadverkstad på Raulandsakademiet, tysdag 20. februar 2024, kl. 18.00-20.00. Her kan alle kome for å høyre meir om planen og koma med innspel og idear til det nye bustadfelt. 
 

Innspel

Frist for å kome med innspel til planarbeidet er 13. mars 2024. Innspel må vere skriftleg og sendast til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller postmottak@vinje.kommune.no

 
Kart - Omriss av Mobø bustadfelt 136/71, planID 20240003