Førre veke var det vidopne dynnar på Vinje sjukeheim, Norheimstunet og Rauland omsorgssenter - og tur til Øyfjell i regi av Frisklivssentralen. Seniordagane vart avslutta med seminar på Raulandsakademiet, med interessante føredrag, kulturelle innslag, rørsle- og matglede, og tid til gode røur i flott juni-ver. 
Akademiet var fullt til siste stol då «Fjellrøyst» innleidde kveldsarrangementet med vakker song før Trond Viggo Torgersen samtala med Mari Garås Monsson om det gode liv som senior i føredraget «Før kroppen blir til støv».

Seniordagane er eit resultat av prosjektet Liv og røre for eldre i Vinje, og ambisjonen er å gjere seniorseminar til ei årleg hending. 
Fylgjande sitat frå evaluering av seminaret vitnar om god mottaking frå målgruppa 65+:

  • Mange ting å tenkje på vidare - både brannvern, bank og ikkje minst å vera aktiv og viljug til å prøve noko nytt.
  • Trygt å vita at det blir fokusera på eldreomsorg.
  • TAKK, TAKK FOR EIN DAG!