Neste næringstreff er 6. mars frå 18.00 til 21.00 på USN Campus Rauland/Raulandsakademiet. 

Denne kvelden får me besøk av Bjørn Tore Hansen frå Arbeidstilsynet og Trond Flothyl frå Politiet. Saman med Vinje kommune vil dei informere om sin innsats mot arbeidsmiljøkriminalitet. Useriøse aktørar skapar konkurransevriding og svekker næringsgrunnlaget for dei som driv seriøst. Korleis skapar me betre plass for dei seriøse aktørane?

På programmet står også eit innlegg frå Stian Roland, instituttleiar og samfunnskontakt ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Stian vil informere om USN si rolle som lokal aktør og samarbeidspartnar. Som vanleg vil det også bli siste nytt frå kommunen, og det blir tid til å slå av ein prat med kollegaer.

Det blir servert middag frå 18.00. Programmet startar ca. 18.45.

Velkomen til ein triveleg kveld på Raulandsakademiet/USN Campus Rauland! Meld deg på via påmeldingsskjemaet nedanfor.

Påmeldingsskjema