Omtrent 20 verksemder tok turen til næringstreffet på Raulandsakademiet onsdag 6. mars. Hovudtema for treffet var samarbeid for eit seriøst arbeidsliv, og både  Arbeidstilsynet, Politiet og USN vitja næringstreffet denne kvelden. 

Etter ein betre middag frå kokkane på Raulandsakademiet, var fyrste post på programmet økonomisjef Gry Åsne Aksvik og byggesakshandsamar Erland Tveiti frå Vinje kommune. Dei orienterte om kommunen sitt samarbeid med Arbeidstilsynet og Politiet. Bjørn Tore Hansen frå Arbeidstilsynet fortalte om korleis dei jobbar med å fremje det seriøse arbeidslivet, og hadde mange interessante døme å by på. Trond Flothyl frå Politiet orienterte om status for arbeidsmiljøkriminaliteten i regionen.

Me fekk også eit innlegg frå Stian Roland, som er instituttleiar og samfunnskontakt ved USN Campus Rauland. Stian fortalte litt om Universitetet i Søraust-Noreg generelt, og om aktiviteten på Rauland spesielt. 

Etter ei pause med kaffe og eplekake, fekk deltakarane siste nytt frå næringssjef Knut Martin Edland. Kvelden blei runda av med ein minikonsert med tre dyktige folkemusikkstudentar ved USN Campus Rauland.

Takk til alle som medverka og møtte, og vel møtt til neste næringstreff!