Ekstremverrapporten 2023 viser kor godt klimatilpassa norske kommunar er. Det er CICERO Senter for klimaforskning som har gjennomført den omfattande kartlegginga, på oppdrag frå forsikringsselskapet If. 

Vinje kommune kom på delt 3. plass av små kommunar i Norge, og på 20. plass samla for alle kommunar i landet. 

Dei siste ti åra har forsikringsselskapa erstatta skader for 30,3 milliardar kroner på bygningar og innbu etter ver eller naturhendingar. Det kostar mindre å førebyggje enn å byggje opp att – her kjem arbeidet med klimatilpassing inn. Dette er eit stort arbeid som må løysast på tvers av sektorar/avdelingar. Dei kommunane som har vore hardt ramma av ekstremver, er dei som er best på klimatilpassing. 

Bodskapen i rapporten er at fleire kommunar er gode på klimatilpassing, men ein kan alltids bli betre!

Les meir om rapporten her: Disse norske kommunene er best forberedt på ekstremvær (if.no)