Vinje kommune ynskjer no at fleire innbyggjarar registrerer seg som mottakarar av digital post. I denne artikkelen kan du lese om korleis du skaffar deg digital postkasse, og korleis du kan reservere deg mot digital post.

Målet med digitale postkasser er å gje privatpersonar og næringsdrivande ein enklare kvardag og bidra til å fornye, forenkle og forbetre forvaltninga. 

 

Ja takk, eg vil ha digital post

Kva er fordelane med digital postkasse?

Med digital postkasse sparar me miljøet og reduserar offentlege utgifter. Posten frå det offentlege kjem trygt og gratis til éin stad, og du kan lese den der du er, når du vil. 

Digitale postkasser er reklamefrie.

Ei digital postkasse gjev deg ei sikker løysing for å få, og oppbevare viktig post digitalt, slik som brev med vedtak, helseopplysningar eller annan sensitiv informasjon. Det offentlege kan ikkje bruke vanleg e-post til å senda slik informasjon då dette er ikkje sikkert nok, og ynskjer difor at flest mogleg opprettar ei digital postkasse hos e-boks eller Digipost.

Du finn lenker til informasjonssider nedst i teksten. Hugs å sjekka at mobilnummeret og e-postadressa i kontaktinformasjonen din er rett!

 

Kven sender digital post?

Over 700 statlege verksemder og kommunar sender brev digitalt til e-boks og Digiboks. Mellom anna kan du få skatteoppgjeret ditt, politiattest frå politiet, jobbtilbod og vedtak frå NAV i den digitale postkassa di. 

I personvernerklæringa for digital postkasse og kontakt- og reservasjonsregisteret kan du lese om korleis Digitaliseringsdirektoratet samlar inn og bruker informasjonen i registeret.

 

Korleis opprette ei digital postkasse?

For å kunna få digital post må du opprette ei digital postkasse hos e-boks eller Digipost. Næringsdrivande vil framleis få digital post i Altinn. 
Treng du hjelp og rettleiing?  Sjå https://www.norge.no/nn eller ring brukarstøtte på grønt nummer 800 30 300. 

For å lese post frå det offentlege må du identifisere deg elektronisk via ID-porten. Det sikrar at det er du som er rett mottakar av posten.

 

Korleis veit eg om eg har fått digital post?

Det offentlege varslar deg via SMS eller e-post om at du har fått brev i den digitale postkassa di. Hugs at svar og klagefristar gjeld frå den dagen du blir varsla og kan opne posten din. Ta kontakt med brukarstøtte dersom du har problem med å opne den digitale posten. Det er viktig å hugsa på at når du har oppretta ei digital postkasse, så vil all post frå det offentlege koma dit, og du vil ikkje lenger få brev i papirform. Hugs difor alltid å opne den digitale posten så raskt som mogleg etter at varselet på SMS eller e-post har kome.

Posten frå det offentlege blir liggjande i den digitale postkassa di til du sjølv slettar ho. Den digitale postkassa blir ikkje full.

 

Nei takk, eg vil ikkje ha digital post

Reservasjon

Hugs at du kan reservere deg mot digital post. Det kan du gjera via Reservasjon på Norge.no eller ved å ringe 800 30 300. Dersom du har oppretta ei digital postkasse, men ynskjer å gå tilbake til papir, så er det lov å ombestemme seg.

Altinn

Dersom du verken har Digipost eller e-boks, så blir post frå det offentlege sendt til Altinn. Om posten ikkje blir opna på Altinn i løpet av 2 verkedagar, vil han bli skrive ut og sendt til deg i ordinær post.

Lenker

Her finn du lenker til dei digitale sidene som er oppgjeve i teksten over, og her finn du dei opplysningane du treng for å opprette digital post, eller reservasjon:
e-boks
Digipost
Altinn
Norge.no
Reservasjo på Norge.no
Kontakt- og reservasjonsregister

 

Ein video frå digitaliseringsdirektoratet "gratulerer med dagen":