Me gratulerer årets vinnarar av Stolpejakta

Det har vore god deltaking på Stolpejakta i Vinje i år. Dette er med på å fremje folkehelsa i kommunen vår.

  • Det var 64 spreke stolpejegerar som var innom 30 stolpar. Av desse var 15 personar innom alle 60 stolpane, det er ein fantastisk flott innsats! 
  • Det var til saman 1 969 personar som registrerte seg som stolpejegerar, desse hadde besøkt totalt 12 074 stolpar! 

Vinnarane er:

  • Magne Vinjerui
  • Andrea Keil Hovden
  • Wolfgang Rausch
  • Gaute Solbu
  • Kristin Vaagen

Vinnarane får eit gåvekort til ein verdi av 1 000 kr hos valfri næringsaktør i Vinje. Vinnarane har blitt kontakta på telefon eller e-post.

Me vil ynskje stolpejegerar og andre turglade ein flott haust, kanskje sjåast me rundt nye stolpar til neste år!