I første omgang er det snakk om ei rute mellom Notodden og Bergen, med samband til ei rekke destinasjonar i Noreg og Europa. 

Notodden lufthamn byggjer no heilt ny og moderne terminal, med tilgang til parkering, buss og leigebil.  

- Eit rutetilbod frå Notodden lufthamn vil kunne medverke til redusert klimaavtrykk frå reiseverksemd i regionen, kortare reisetider og større konkurransekraft for det lokale næringslivet. Om Widerøe etablerer seg på Notodden, er det dessutan potensial for fleire ruter og turisttrafikk til og frå Notodden, seier lufthamnsjef Dag Flåterud. 

Notodden lufthamn og Widerøe ønskjer informasjon om reisebehovet i næringslivet i regionen. Ta kontakt med næringskontoret i Vinje kommune om di verksemd ønskjer å medverke.