Skulen har ei aktiv plikt til å passe på at skulen har eit godt miljø, både fysisk og sosialt.
Skulebygget og uteplassen skal vere universelt utforma og tilpassast alle elevar, òg dei med funksjonsnedsetjing.
Elevar og foreldre kan snakke med skulen og be dei rette opp ting som ikkje fungerer bra nok. Skulen skal ta stilling til oppfordringa så fort som mogleg og skal lage eit skriftleg vedtak om saka.
Elevane skal få ta del i planlegginga og i arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal informere elevar og foreldre om rettane deira og om pliktene til skulen.
Målgruppe
- Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
- Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelp
- Føresette