Enkeltarrangement

  • Rigging og rydding skal reknast med i leigetida, leigetakar er ansvarleg for dette.
  • Det er ikkje tillate å bruke levande ljos i dei kommunale bygga. Det kan gjerast unntak, men dette må avklarast med vaktmeistar.
  • Leigetakar må ha ein brannvernrunde med vaktmeister før arrangement dersom arrangementet er utanom vaktmeister si arbeidstid.
  • Lån av lydanlegg må avklarast på førehand.
  • Er det eit ope arrangement der det skal nytast alkohol må ein søke om tidsavgrensa skjenkeløyve. 
    Les meir om tidsavgrensa skjenkeløyve her

Faste aktivitetar

  • Aktivitet utover ein månad.
  • Fast søknadsfrist på våren, ellers fortløpande.
  • Om fleire søkjarar ynskjer same hus/rom til same tid og alternative stader/tider ikkje let seg ordne, må kommunen avgjere kven som skal vike.
  • Kulturaktivitetar og andre tilskipingar har fyrsterett på festsalane.
  • På dagtid har skulane fyrsterett til bruk av idrettshallar og basseng i samsvar med timeplanane.

Leige av bord og stolar

Bord og stolar kan leigast frå dei ulike husa. 
Kr 10 pr. stol og kr 20 pr. bord.