Hytterenovasjon

Oversikt over hyttecontainarar/returpunkt, hytterenovasjon, sorteringsguide og anna nyttig informasjon finn du på heimesida til Renovest. 
Lenke til Renovest si heimeside finn du her

Hytteabonnentar kan hente matavfallsposar i eigne skåp i matavfallsskura på hyttereturpunkta. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».

Tømekalender

Renovest har tatt i bruk appen “Min Renovasjon”. 
Her kan du enkelt finne ut kva for avfall som blir tømt hos deg og få varsel om når du bør sette fram dunken din. I tillegg kan du søke opp næraste returpunkt og for hytteabbonnentars næraste hyttereturpunkt.

Søk etter Min Renovasjon i App Store eller i Google Play Butikk og last ned appen.

Lenke til renovasjonskalender og køyreplan på heimesida til Renovest

Dunkar og bioposar

Bioposar til husstanden: Knyt ein biopose på dunken eller skriv ein lapp om at du treng bioposar ved neste tøming og renovatøren legg att ein ny rull til deg.
Du kan og oppsøkje avfallsmottaket vårt i åpningstida eller innom Tenestetorget i kommunen.
Det er Renovest som delar ut avfallsdunkar til husstanden.

Renovest arbeider med å få på plass full kjeldesortering for alle hytteabonnentar. 
Lenke til Renovest si heimeside for meir informasjon finn du her

Hytteabonnentar kan hente matavfallsposar i eigne skåp i matavfallsskura på hyttereturpunkta. Matavfallsposar er ferskvare og det er større risiko for lekkasje om dei blir for gamle. Det er difor lurt å hente nye med jamne mellomrom i staden for å «bunkre opp».

Dispensasjonsreglar

Jf. forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall er det mogleg å søkje om dispensasjon frå renovasjonsordninga dersom:

A. Redusert standardabonnement:
1) Miniabonnement – husstand som ikkje har meir enn ein person
2) Heimekompost

B. Det kan søkjast om fritak frå renovasjonsordninga når:
1) eigedomen ikkje er i bruk
2) eigedomen ligg meir enn 2 km frå køyrbar heilårsveg
3) bustadeigedom som er fråflytta seks – 6 månadar eller meir og ikkje blir nytta som fritidshusvære, kan etter søknad få tidsavgrensa fritak i to – 2 år.