Kommunen ønskjer deltaking frå lokale verksemder som kan vere med på å synleggjere kva friluftslivet i Vinje har å by på.

Laurdag 3. desember markerer Vinje kommune Frivilligheitsåret 2022 med eit spennande program om friluftsliv, jakt og fiske. Me får besøk av Jan Monsen og Mattis Thørud frå TV-serien «Monsen, Monsen og Mattis» og Alexander Read frå TV-serien «Mina og meg».

Har di verksemd noko å vise fram eller selje denne dagen? Ta kontakt med frivilligsentralen@vinje.kommune.no!

Friluftsdagen2.png