Med heimel i Plan- og bygningslovens §12-8, blir det med dette varsla at AT-skog på vegne av forslagsstillar Øyfjell Sag og Høvleri AS, startar arbeid med detaljregulering for næring/industri på gnr./bnr. 118/65 i Vinje kommune.
Heimelshavar er Arild og Anne Lise Øygarden.
Planområdet ligg i Øyfjell nordaust for krysset mellom fylkesveg 3410 og fylkesveg 3422. Det var oppstartsmøte med Vinje kommune 16. mai 2023, det vart gitt klarsignal for oppstart av planarbeidet. Området er i kommuneplanens arealdel regulert til LNF og LNF for spreidd bustadbebyggelse og yrkesbygg (SBY 22). Avgrensinga av planområdet følger langs fylkesveg i sør og vest og langs eigedomsgrense i sørvest, mot aust ligg plangrensa langs gardsveg og gardstun og i overgangen mellom dyrkamark og skog.
Øyfjell Sag og Høvleri har sidan desember 2021 hatt dispensasjon til å bruke eit jorde på eigedomen til lager for tømmer og materialar. Dyrkamarka er tatt i bruk til formålet og matjord er tatt av og lagt i voll i ytterkant av dyrkamarka. Dispensasjonen vart gitt for to år. Siktemålet med planen er å regulere området til næring/industri. Planarbeidet vil elles følgje dei føresegner og retningsliner Vinje kommune har utarbeidt. Området har eksisterande og godkjende avkøyringar.
Det er ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing, da planen dels er i tråd med overordna plan og området alt er teken i bruk til formålet. Ulike tema vil bli belyst i planomtala. Blant anna støy, naturmangfold og flaumfare.
- Referat frå oppstartsmøtet følger varslinga til offentlege etatar og kan sjåast her
- Varselkart ser du her