FAU - Foreldrerådets arbeidsutval

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovanfor skulen.
FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at læringsmiljøet til elevane er trygt og godt. FAU skal representere alle foreldre ved skulen, og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt. FAU er heimla i opplæringslova § 11-4

SU - Samarbeidsutval

Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste rådgjevande organ, der alle partar av skulen er representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsette og to representantar frå kommunen, der rektor skal vera den eine.
SU har rett til å uttale seg om / i alle saker som gjeld skulen.

SMU - Skulemiljøutval 

Skulemiljøutvalet har i oppgåve å sikre at skulen har eit systematisk arbeid for å få eit godt skulemiljø. SMU skal vere eit rådgjevande organ for skulen i saker knytta til dette.
Det er skuleeigar og rektor sitt ansvar at alle rådsorgana blir oppretta og fungerer i samsvar med reglane i opplæringslova.

Om du ynskjer informasjon om kven som sit i dei ulike utvala, kan du ta kontakt med barnehagen eller skulen det gjeld.