I møte 16. november vedtok kommunestyret å dele rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

 

Kommunestyret gjorde slikt vedtak:

  1. Kommunestyret vedtek å dele rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne.
  2. Det blir oppretta to nye råd – rådet for eldre og rådet for personar med funksjonsnedsetting.
  3. Det skal veljast 5 medlemar til kvart råd, med 5 vararepresentantar i rekkefylgje.
  4. Råda vel sjølv sin leiar og nestleiar blant medlemane.

Vinje kommune bed no lag og organisasjonar kome med framlegg til personar som kan tenke seg å bli medlem av desse råda.

Før framlegget blir sendt til kommunen bør vedkomande som blir foreslått ha blitt gjeve tilstrekkeleg med informasjon om kva vervet som rådsmedlem vil innebere og ha forsikra seg om at vedkomande er motivert for oppgåva. 

Organisasjonen bør grunngje sine forslag til kandidater med t.d. kandidatens interessefelt og kompetanse.

Alle forslaga vil bli oversendt til valnemnda i kommunen som gjer eit framlegg til medlemar til råda til kommunestyret. 
Det er kommunestyret som skal gjere det endelege valet.

Frist for forslag:

Nokre har allereie kome med sine forslag, men for dykk andre ber me om at eventuelle forslag blir sendt til kommunen innan 31. desember 2023.

Forslag kan sendast til:
Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje,
eller på e-post til: postmottak@vinje.kommune.no