Vinje kommune varslar med dette at detaljregulering Gothol Skytebane og næringsareal 154/9 blir lagt ut på høyring og offentleg ettersyn etter vedtak i plan- og miljøutvalet den 20.03.24, sak 47/24. 
 

Planframlegget legg til rette for skytebane og næringsareal i det nedlagde steinbrotet Fundlid. Formålet med reguleringsplanen er å avklare arealbruken ved det nedlagte steinbrotet, og for å leggje til rette for etablering av ein ny lokal 100 m riflebane og næringsverksemd. Banen vil vere godt egna for rekruttering av ungdom, skyting for dei høgaste aldersklassane og for jegerskjoting. 

Tilhøvet til kommuneplanens arealdel syner det eksisterande steinbrotet med omsynssone H910, gjeldande reguleringsplan skal framleis gjelde. Areala rundt er avsett til LNFR. Gjeldande reguleringsplan er 154/9 del av Fundli, planID 20050013. Denne planen syner området som steinbrot med vegetasjonsskjerm mot vegen og mot vest, samt avkøyrsel og frisiktsone.

Frist for innspel

I høyringsperioden kan alle koma med skriftlege innspel til Vinje kommune. Innspel sender du til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.no, innan 27.05.24. 

Meir informasjon 

Plandokumenta kan du sjå i kommunens planregister, på kommunehuset i Åmot eller du kan og kontakte oss på telefon 35 06 23 00.
 

Heimel 

Framlegg til detaljregulering for Gothol Skytebane og næringsareal 154/9, planID 20230002 vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslov § 12-10.