Trening på resept

Sjukemeldt, eller i fare for å bli det? Høgt blodtrykk? Utmatta? Muskel/skjelettplager og/eller lettare psykiske lidingar? Eller treng du eit puff for å koma i gang med livsstilsendring? Kontakt fastlege, Nav eller Frisklivsentralen direkte for informasjon og henvisning. 12 veker per resept. Gruppetrening med fysioterapeut to gonger i veka.  Målet er å finne vegen til eit betre liv gjennom lystbetonte fysiske aktiviteter, sosialt samvær og samtale.

Frisklivresepten. Les brosjyra "klart du kan" her

Opptur arbeid og helse

Opptur arbeid og helse er eit kurs i regi av Vinje Frisklivssentral og Avdeling for psykisk helse og rus. Målsettinga med kurset er tidleg innsats for å ta i bruk nye meistringsstrategiar, styrke arbeidsevne og førebygge langvarig sjukemelding.

Kurset, som blir gjennomførd i tett samarbeid med NAV, er organisert som 7 vekentlege gruppesamlingar a 3 timar over ein periode på totalt 11 veker. Dei 4 første samlingane utgjer bolk 1, med tema som motivasjon, verdiar, ressursar, informasjon frå NAV og å utarbeide personlege mål for arbeid. I løpet av dei neste 4 vekene får dei som ynskjer det, individuell oppfølging av ein av kursleiarane, for å iverksette tiltak for å oppnå sine mål.  Så møtest gruppa att i 3 veker for å dele erfaringar og støtte kvarandre i gjennomføring av eigen målsettingsplan. Kurset inneheld også fysisk aktivitet i form av turar og rørslegruppe, leia av fysioterapeut, basert på psykomotoriske prinsipp.

Informasjon til deltakar
Informasjon til arbeidsgjevar og helsepersonell

Friskliv Senior

Eit tilbod til deg som er 65+

Kva er Friskliv Senior?
Friskliv senior er ei samling av helsefremjande og førebyggjande tilbod til deg over 65 +. Menneske vil aller helst klare seg sjølve, derfor trur me på tydinga av å satse på helsefremjande og førebyggande aktivitetar. Helse er i stadig endring og kan reduserast gjennom sjukdom, aldringsprosessar eller andre endringar i livet. Men helse kan også forbetrast ved å fylle på med forskjellige faktorar som ein veit har positiv innverknad på helsa. Til dømes fysisk aktivitet, sosialt felleskap, tryggleik og høve til innverknad over eige liv.

Med tilbodet Friskliv Senior ynskjer me å gje deg som senior moglegheit til aktivitetar og ”påfyll” som kan bidra til å fremje og bevare god helse så lenge som mogleg.