Gjennom eit prosjekt som Vinje kommune tar del i kan verksemder i Vinje få hjelp til å jobbe med nye produkt og tenester retta mot hyttemarknaden.

Vinje har mange hytter og deltidsinnbyggjarar som representerer ein viktig marknad for lokal verdiskaping. Saman med Telemarksforsking og Norsk institutt for naturforsking (NINA) tar Vinje kommune del i eit prosjekt som blant anna handlar om å utnytte hyttemarknaden på nye måtar. Tanken er å etablere eit nettverk av verksemder som vil jobbe saman om produktutvikling. Prosjektet vil støtte interesserte verksemder i oppstartsfasen ved å legge til rette for møte, gje råd kring idear og kople på andre aktørar som kan bidra. Om det er interesse for å jobbe vidare med eit nettverk, kan også prosjektet hjelpe verksemdene med å søke finansiell stønad til dette frå Innovasjon Noreg.

Om du og di verksemd er interessert i prosjektet, ta kontakt med næringskontoret i Vinje kommune på knf@vinje.kommune.no.

Les meir om prosjektet her