Plan- og miljøutvalet vedtok 20.03.2024 i sak 34/24, å reise namnesak på Krossen/Rauland sentrum som namn på tettstadog Rauland som namn på bygd. Vinje kommune kunngjer med dette høyring av namnesak, jf. stadnamnlova § 8. 
Frist for innspel er 2. juni. 

 

Bakgrunn for namnesaka

Vinje kommune har starta opp namnesak på tettstadnamnet Krossen etter førespurnad frå Rauland historielag, som har framlegg om Rauland sentrum. I dag vert Krossen bruka som namn på tettstaden i Sentralt stadnamnregister (SSR). 

I tillegg vil Vinje kommune ta opp Rauland som namn på bygd, då dette ikkje er registrert som namn på eit større område i SSR. 

Du kan lesa brevet frå historielaget og saksframstillinga i plan- og miljøutvalet som er vedlagt nedst på denne sida.

Eit bilete som inneheld kart, tekst, grunnpilar

Automatisk generert skildring
Kartutsnitt frå norgeskart.no. 

Innspel til høyringa

Vinje kommune ber om innspel frå innbyggjarane, både på kva namn som vert bruka om dei ulike stadane, og om lag kor stort/kva for område namnet dekkjer (dette vil vera til hjelp for å avklare kva «namneobjekttype» - t.d. tettstad, del av tettstad, bygd - som er rett for dei ulike namna). 
Du kan og lesa om skilnaden mellom tettstad og bygd i Store norske leksikon.

Vinje kommune ynskjer at du i innspelet har med ei grunngjeving for valet av namn. Me ber derfor alle som kjem med innspel om å svare på spørsmåla under. Svar gjerne utfyllande om bakgrunnen for at du brukar dette namnet, og om uttale og skrivemåte og eventuelle andre detaljar. Legg gjerne ved kart/skisser.

1) Tettstadnamn

Kva for namn brukar du på tettstaden? Krossen, Krysset, Rauland, Rauland sentrum, eller noko anna? 

2) Eventuelt del av tettstad

Om du ikkje brukar Krossen/Krysset som namn på sjølve tettstaden, brukar du det som namn på eit mindre område i sentrum? I så fall, kva form av namnet brukar du, og om lag kva område dekkjer det? 

3) Bygdenamn: Rauland

Kva område kallar du Rauland? Kvar gjeng grensa?

4) Om innspelaren

Kva forhold har du til desse namna? Er du oppvaksen her, har budd her i mange år, nyleg innflytt, har hytte her, kjenner godt til området, anna? 

Du kan sende innspel til postmottak@vinje.kommune.no, eller til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje. Frist for innspel er 2. juni.

Vidare saksgang

Etter at høyringsperioden er ute vil innspela bli samordna og sendt til Språkrådet for tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing, før det vert skrive politisk sak til plan- og miljøutvalet som gjer vedtak om namna. 

Heimel

Kommunen er, jf. stadnamnlova § 7 fyrste ledd, vedtaksmynde på val av namn og skrivemåte på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg, bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg og liknande, og vedtek skrivemåten av offisielle adresser. 

Plan- og miljøutvalet er Vinje kommunes namnemynde og har ansvar for namnevedtak og gjer vedtak om skrivemåte for stad-/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn, jf. adresseforskrift for Vinje kommune, Telemark. 

Om Sentralt stadnamnregister (SSR)

SSR er eit register over norske stadnamn i offentleg bruk, som forvaltast av Kartverket. Offentlege organ er pålagt å fylgje skrivemåtane som er registrert i SSR. Kartverket har ei innsynsløysing for SSR på www.norgeskart.no/ssr/, der ein kan leite i kartet eller søkje på namn for fleire opplysningar om namna. 

Vedlegg

Saksframstilling med vedtak frå plan- og miljøutvalet 20.03.2024, sak 34/24, kan du lese her
Førespurnad om namnesak frå Rauland historielag, datert 15.01.2024, kan du lese her

Lenkjer

Lov om stadnamn (stadnamnlova) - Lovdata
Forskrift om stadnamn - Lovdata
Utfyllande reglar om skrivemåten av norske stadnamn (sprakradet.no)
Adresseforskrift for Vinje kommune, Telemark - Lovdata