Les gode råd og tips om informasjonstryggleik og sjekk ut gratis opplæringsmateriell om digital tryggleik.

Kvart år blir nasjonal tryggleiksmånad arrangert i oktober, med føredrag, seminar, arrangement og kampanjar. Føremålet er auka engasjement, medvit og kunnskap om digital tryggleik i befolkninga og verksemdene.

I denne artikkelen frå Digital Norway kan du lese om ti svindeltrendar

For verksemder som ønskjer påfyll om digital tryggleik, finst det fleire kostnadsfrie opplæringsressursar. Her er nokre døme:

I Nasjonal tryggleiksmånad 2022 er fokus blant anna på svindel via e-post. Nedanfor er seks råd for å oppdage falske e-postar:

  1. Sjekk at det er samsvar mellom namnet og e-postadressa til avsendaren.
  2. Ver mistenksam mot generelle eller upersonlege helsingar som til dømes "Kjære ven".
  3. Ver mistenksam mot spørsmål om pengeoverføringar.
  4. Ver mistenksam mot spørsmål om betalingsopplysningar eller godkjenning av BankID. Ingen bankar ber om dette via e-post.
  5. Ver mistenksam mot e-post om nullstilling av passord utan at du har bedt om det.
  6. Sjekk kor lenker fører hen ved å halde musepeikaren over lenketeksten. Er du i tvil, ikkje klikk.

CSI_NO_6_tips_avsloere_falsk_epost.png